Pengebingen Kina. Kinas valutareserver, som allerede er størst i verden, vokste med 17,8 prosent det siste året til 2.130 milliarder dollar.

Les meir…
 

Heim
Ei dopa verd Skriv ut E-post
Skrive av KPml   
18.12.2009
På andre året sit ein flokk norske ungdomar fengsla i Bolivia. Klagemålet er at dei hadde med seg kokain som dei skulle smugla ut or landet og truleg til Noreg. Jentene har venta lenge på ein skikkeleg rettargang, men saka vart utsett til neste år. Store løynde netverk forsyner Vesten med kokain og andre narkotiske stoff. Mange fattigbønder i den tredje verda livbergar seg på produksjon av narkotika. Kva skal venstresida meina om dette? Legaliseringsrørsla har slege rot på venstresida. Mange ynskjer ei normalisering av hasj. Helseministeren tok til orde for utdeling av heroin, og fekk aukenamnet Heroin-Hansen før han hoppa over i PR-bransjen. Narkotikaen er ei felle både for radikale ungdomar og fattigbønder. Stoffet trælbind dei til imperialismen. Det passiviserer ungdomsmassane og gjer bøndene til nyttige brikker i eit imperialistisk system. Striden mot opiumsvalmuar vert nytta av sume tvilsame talspersonar for fråhaldsrørsla til å forsvara bombekrig mot fattigfolk i afghanske fjellbygder. Washington treng narkoen til påskot for krig i Afghanistan og Colombia, men råkar ikkje dei store bakmennene med sæte i turbokapitalistiske skatteparadis. Narkotika, til liks med dyrking av tobakks- og vinplanter, tek bort store vidder frå matproduksjonen for folk på jorda. Kapitalistane, som trivst best med passive folkemassar, vil halda fram med dette systemet. Me på venstresida må taka eit oppgjer med dei som vil tillata hasj. Me treng sosialisme for å knusa det styresettet som dopar ned verda med narkotika og andre rusgifter.
Sist oppdatert ( 13.02.2010 )
 
Neste >
Advertisement

Gratisavisa kpml.no

Undersøking

Finanskrisa
 

Studiesirkel

© 2010 KPml - Kommunistisk plattform
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.