Hver tiende amerikaner uten jobb: Arbeidsledigheten i USA på det høyeste nivået siden april 1983. Det verste arbeidsmarkedet siden depresjonen, sier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen.
Les meir…
 
Heim arrow Internasjonalt arrow Europa arrow Inga poeng til okkupasjon!
Inga poeng til okkupasjon! Skriv ut E-post
Skrive av Kjell Arnestad   
28.05.2010
Mange undrar seg over kvifor Israel er med i Melodi Grand Prix. Det er eit godt spørsmål. Palestinakomiteen oppmodar til boikott av Israel. Den sluttar vi oss til.

Det er ein skam at apartheidstaten Israel er ein del av MGP og EBU. Den brutale okkupasjonen av Palestina burde tyda at Israel er utelukka av alt kulturelt, politisk, militært, økonomisk og internasjonalt samarbeid.

Mange meiner politikk skal haldast utanfor MGP. Men politikk har alltid vore ein faktor, på same vis som det er det i OL. Utan politikk hadde det asiatiske landet Israel aldri vore med i det europeiske kringkastingssamarbeidet.

Vi kritiserer ikkje årets deltakar frå Israel, Harel Skaat, som har ein utmerka song. Vi kritiserer EBU. Boikott Israel og vis at okkupasjon ikkje vert tolt!

Sist oppdatert ( 31.05.2010 )
 
Neste >
Advertisement

Gratisavisa kpml.no

Undersøking

Finanskrisa
 
© 2010 KPml - Kommunistisk plattform
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.