KPML

  • Forstørr
  • Standard skriftstorleik
  • Forminsk
Home KPML Meininger Imperialisme og krig Hendene bort frå Iran! Reis dykk, iranske folk!

Hendene bort frå Iran! Reis dykk, iranske folk!

E-post Skriv ut PDF

Det hev i lang tid vori tale om Irans atomprogram. Iran er ein fri og sjølvstendig stat og skal ha full råderett over eigen produksjon og industri. Regimet i Iran er eit reaksjonært prestestyre, og opposisjonen vert kua. Men det er opp til det iranske folket å kvitta seg med det borgarlege høgrestyret sitt. Vesten og USA har inga fullmakt til å tura fram med militærmakt og diktera kven som skal styra Iran.

Det er ingen tvil om at det er for mange atomvåpen i verda, nok til å tyna alt liv titals gonger. Dei fyrste til å starta den naudsynlege nedvæpninga bør vera USA og Russland, som er kongar på haugen i dette spørsmålet. I Midtausten er Israel den klårt mest overlegne militærstaten, det einaste landet med atomarsenal. Iransk atomvåpen kunne vera ei motvekt til militærmakta i den jødiske staten. Truleg kan det òg hindra eit vestlegt åtak på landet. At halvstore undertrykkjarregime i den 3. verda skaffar seg atomvåpen, er ikkje verre enn at store aggressive imperialistland (Russland) og blokker (NATO-USA) sit på ovstore lager av dei.

Haukane i Washington og Israel ynskjer å bomba Iran. Men ein stor rapport frå 2007, US National Intelligence Estimate on Iran, utarbeidd av USAs 16 etterretningsorganisasjonar, synte at Teheran avslutta atomvåpenprogrammet sitt i 2003. Styremaktene der hev seinare sagt at dei driv med fredeleg atomkraft-utvikling. Det siste kan godt vera lygn, men mykje tyder på at Iran tidlegast kan skaffa seg langdistanserakettar i tida millom 2015 og 2020. Israel, som tviheld på atom-monopolet sitt i Midtausten, kritiserte lenge CIA sterkt for denne rapporten, men i førre vika vedgjekk forsvarsminister Ehud Barak at Iran ikkje er noko eksistensielt trugsmål mot den jødiske staten. Forsvarssjefen til Sambandsstatane, Mike Mullen, hev òg åtvara mot å tru at atomtrugsmålet frå Iran kan slettast ved eit militært åtak. Likevel er det klårt at haukane og krigshissarane på høgresida held fram med å spreida hat mot Iran og så kimar til ein ny storkrig i Midtausten.

Me er fullt på det reine med at president Ahmadinejad er ein høgreorientert dritsekk som attpåtil fornektar holocaust. Men solidariteten vår går til det iranske folket som vil ha fred og fridom. Ein åtakskrig mot Iran kjem til å styrkja det kuande regimet. Ein revolusjon må starta innanfrå, frå arbeidarklassa, fattigbøndene og dei intellektuelle i landet sjølv. Me steller oss skulder ved skulder med dei i striden deira for fridom og rettferd.

Tags: Iran  atomvåpen  Israel  Ahmadinejad