med_mandat_til_aa_drepeMed mandat til å drepe, heiter ei ny bok som kom ut på seinsumaren. Boka gjev augnevitneskildringar frå krigen som herjar i Afghanistan. Lesarane får sjå krigen gjennom augo til norske soldatar som er i felten.

Soldatane er sikkert nokre tøffe hardhausar, samstundes som me veit at krigen mot talibansoldatane og dei andre motstandsfolka vert eit rimeleg rått parti, teknologisk sett. Men talibangeriljaen går i eitt med landsbybuarane og har naturlegvis djupe røter i sjølve folket som bur i fjelldalane der. Trass i reaksjonær islamisme og kuing av kvinner representerer dei ei hovudkraft i striden for å kasta okkupantane ut. Norske Nato-soldatar har late seg verva til ein urettvis krig som i grunn og botn handlar om å tryggja petroluemsreservar og transportårar for olje og gass på vestlege kapitalistars hender. Boka seier sjølvsagt fint lite om dette underliggjande temaet. Her er det spenning som ligg i lufta frå side til side.

Er innsatsen til dei norske soldatane heltemodig? Neppe. Dei slåst mot ein fiende som det er uråd å slå sidan han er so nøye samanvoven med Afghanistans årelange motstandskamp mot framande herstyrkar. Imperialistmaktene Storbritannia og Sovjet greidde ikkje å tyna denne afghanske sjølvstendeviljen. Nato-alliansen, som alt er prega av skepsis til om «operasjonen» i det heile kan lukkast, har dårlege kort på handa. Utdraging no ville vore eit prestisjeplask for Obama og flokken hans, men spørsmålet er om det er nokon anna utveg. Amerikanske kommentatorar spør om Afghanistan vert Obamas Vietnam. Den vestlege pakka med fleirpartidemokrati, ytringsfridom og marknadsliberalisme verkar totalt framand og fjern for den jamne afghanaren. Du får ikkje ein stakkars afghanar til å skjøna at ein sokalla demokrat kjem med klasebomber, droner og granatar som drep sivile i hopetal. Landet lever i tida føre den borgarlege revolusjonen. Den «sosialismen» dei fekk smaka av sovjetstyrkane på 1980-talet, der soldatane kom med Lenin på innerlomma, var ei botnfalsk utgåva av han, skreddarsydd sosialimperialismens ekspansive interesser.

Med mandat til å drepe er ei medrivande og spanande bok spekka med militære termar. For ein som berre har opplevt forsvaret frå utsida, gjer det lesinga noko tung og seindryg. Skildringane er likevel skræmande realistiske, dei som endar med nedskyting av taliban-kjemper medrekna. Me fær eit innblikk i kva som går gjennom hovudet på dei norske unggutane som ligg der med børsa. Ikkje so reint lite snikskyttarromantikk diskar dei opp med, dei anonymiserte forfattarane, som alle skriv i eg-form.

Ei velskrivi bok om eit djupt tragisk tema. Pentagon ville vel prøvt å kjøpa opp heile opplaget hadde Noreg vore ein delstat i USA. Avslørande og tankevekkjande. Me treng meir kunnskap om krigen. Men kritikk av krigføringa finn du ikkje i denne boka. Forfattarane er Natos lydige reidskapar. Til all lukke har eit fleirtal av det norske folket innsett kor meiningslaus og urettferdig denne krigen er, ein krig som statsråden ikkje eingong vågar kalla krig. Me vonar boka, gjennom dei opplysningane ho spreider, vert endå ein spikar i likkista åt Nato-Noregs aggressive og folkerettsstridige krigføring.

Med mandat til å drepe
Norske skarpskyttere i Afghanistan forteller.
Kagge forlag, 2010

ISBN: 9788248910114