I dei siste åra har styresmaktene og det offisielle Noreg endra innhaldet i 8. mai frå frigjeringsdag til feiring av åtakskrigar. Det siste då i form av innstifting av 8. mars og som «veterandag» – ved sidan av det tidlegare innhaldet som nasjonal minnedag etter frigjeringa frå tyskerane og nazismen i 1945. I år har styresmaktene ved Forsvarsdepartementet nytta 3,5 mill kr til annonsar i større aviser, plakatar og kinoreklame for å få fram denne bodskapen.

Dette har ein funksjon langt utover å gje merksemd og oppfylgjing til dei norske soldatane som har vorte sendt ut i alle typer av oppdrag, frå rettvise til urettvise, frå SN-oppdrag til Nato-oppdrag, frå Tysklandsbrigaden til Afghanistan. Det fungerar som ei legitimering av og som aktiv støtte til den utanrikspolitiske lina som Noreg har fylgt særleg sidan 1990-talet. Ei line som Nato og då i stor grad USA har streka opp for Noreg, og som har ført til norsk deltaking i ulike imperialistiske åtaks- og røvarkrigar i det tidlegare Jugoslavia, i Libya og i Afghanistan.

Det er ikkje mindre enn ei skam at feiringa av sigeren i den nasjonale frigjeringskampen mot fascismen, og feiringa av dei som på ulike vis deltok i han, skal fortrengjast til føremun for propaganda for imperialistiske åtakskrigar i regi av USA og Nato.