terrorberedskap 2Regjeringa la fram si annonserte stortingsmelding om tiltak i samband med terrorberedskapen onsdag 20. mars. Stortingsmeldinga skisserar ei rad organisatoriske og overvakingsmessige tiltak, samt legg fram planar for nye lover på ulike område.

Framlegga går, ikkje uventa, ut på meire overvaking og dårlegare personvern for innbyggjarane i Noreg.

Av tiltak som regjeringa går inn for kan særleg nemnast :

  • Oppretting av sams beredskapssentral.

  • Oppretting av ein nasjonal operasjonssentral.

  • Styrking av utrykningseiningane i politiet frå 800 til 1200 tenestemenn/kvinner.

  • Styrking av politiet sin datakapasitet med nettbrett (...) i politibilane.

  • Bruke Forsvaret sine fly i overvakinga av hendingar i fredstid i Noreg.

  • Bruke Forsvaret sine ulike spesialeiningar ved terrorsituasjonar i Noreg (kva då med situasjonar som styresmaktene «vurderar» til å vera terror?)

  • Gje politiet og det frå før skandaliserte PST lettare tilgang til forvaltningsregistre. Her er det mellom anna snakk om førarkort- og passregistre, men truleg vil dei òg åpna for enda meir sensitive registre av typen helseopplysingar osb.

  • Iverksetja utredningsarbeid av lovheimlar for bruk av militært personell mot innbyggjarar i Noreg. Nokre vil meine at det vil vere i strid med grunnlovens § 99, samt i strid med lang tradisjon i Noreg om at militært personell ikkje skal setjast inn mot landets eigne innbyggjarar.

  • Skjerpa våpenlovgivning, altso auka ettersyn med og meire kontroll av jegarar og skyttarar.

Det mest sentrale her er auka tilgang til overvaking og samrøre av politi/forsvar. Nett det siste har vi jo historisk hatt store motførestillingar til i Noreg – jamvel mellom dei aller fleste politikarar og ved offisielle utsegn òg frå styresmaktene …

Den norske regjeringa har tidlegare sagt at svaret på 22. juli «skal vera meire demokrati».

Røynda har endå synt seg å vera auka satsning på overvaking og inngrep i innbyggjaranes rettar på ymse område. Altso om å "setja kork" på openheita. Samstundes har styresmaktene og overvakningsorgana det same trusselbiletet som før 22 juli 2011; muslimar, utlendingar og folk på venstresida (seinast prova ved NRK sine avsløringar av PST si provokatør- og infiltrasjonsverksemd ved hjelp av Christian Høibø).

Regjeringa og styresmaktene hadde hovudansvaret for at sovidt mykje gjekk gale 22. juli 2011. Regjeringa sitt svar er altso meire overvaking og dårlegare personvern for innbyggjarane i Noreg.

Stortingsmeldinga kan lesast [her]