Om ein har lese KK i dag kan ein  vanskeleg unngå å få med seg ein ny runde med antikommunisme.

Det er den nye Øgrim-biografien til Bo Brekke som no er middelet til å spreia borgarleg propaganda og åtak på kommunismen. 

Gjennom det som mest synast som eit personleg forsvar av Tron Øgrim går Bo Brekke til åtak på teorien om proletariatets diktatur, den kommunistiske partimodellen og då sjølvsagt Stalin og "stalinismen", samt spreier vidare tidlegare lansert borgarleg løgnpropaganda om våpentrening i partiregi og at ml-rørsla overvåka politiske motstandarar. KK trekk i samband med dette sjølvsagt og fram Hans Petter Sjøli og Håkon Kolmannskog som ekspertkommentatorar på kommunismen sine feil og brotsverk. 

Bo Brekke var gjennom mange år medlem av AKP(ml) og RU og jobba i si tid særleg med elevkamp gjennom YLI, og med anti-imperialisme i høve til Sør-Afrika.

Politisk er Bo Brekke ein sosialdemokrat av SV-type. Som vi veit er Josef Stalin, kommunistar og våpen det aller verste SV'arar kan tenkja seg.

Og då vil nok Dagbladet, Aftenposten og andre deler av media snart og vera på banen med nye oppslag og fleire "avsløringar" …

Gjester

Vi har 191 gjester og ingen medlemmer på besøk.

Personvernmelding