Kom på sommerleir!

«Saman med imperialistane er sionistane ansvarlege for kvar dråpe blod i vår region.»

Leyla Khaled. Foto: PFLPLeyla Khaled. Foto: PFLP

Den kjente palestinske aktivisten og medlem av leiinga i Folkefronten for frigjering av Palestina (PFLP), Leila Khaled, var ein av deltakarane på New World Summit* i Utrecht, Nederland, 29 - 31 januar i år.

I ei tale på konferansens siste dag oppfordra ho verdssamfunnet til å rettsforfølge dei sionistiske krigsforbrytarane og gje full støtte til den palestinske frigjeringskampen. Ho la til at dette er ei plikt for alle progressive rørsler.

– Det palestinske folk har kjempa i 100 år mot kolonisering og okkupasjon. Vi vil fortsette til alle flyktningar har fått returnere og vi har oppnådd rettferd og likeverd i Palestina.

Leila Khaled sa vidare at den israelske staten er eit illegitimt prosjekt bygd på ruinane av det palestinske folk og samfunn, og basert på sletting av den palestinske identitet. – For 68 år sidan blei den israelske stat bygd på ruinane av vårt folk, vårt land og våre heimar. Og fram til denne stund er vårt folk forhindra frå å kunne vende tilbake, sa Khaleb.

Ho sa at palestinarane vil fortsette å kjempe mot okkupasjon og for retten til å vende tilbake og frigjere landet Palestina.

Leila Khaleb legg ansvaret for brotsverka i Palestina på FN. Verdsorganisasjonen blei bygd blant anna for å beskytte menneskerettane. Likevel fekk den sionistiske rørsla lov å kolonisere Palestina og bygge ein rasistisk stat. Det skjedde etter vedtak i FN.

– Kan du forestille deg bulldosere med soldater og politi som riv huset ditt og utviser deg frå landet ditt? Dette er kvardagen til vårt folk og den daglege okkupasjonspolitikken i Palestina, sa Khaleb.

Ho bemerka òg at dei tre siste månadane har okkupasjonsmakta drept mange barn og unge. Nye palestinske generasjonar vil aldri gløyme, men fortsette frigjeringskampen.

– Den sionistiske staten kallar seg «det einaste demokratiet i Midt Austen», men gjennomfører ein systematisk politikk for undertrykking, fengsling og drap på det palestinske folk. Difor er dei saman med imperialistmaktene ansvarlege for kvar einaste dråpe blod i vår region. Og dei kolonialistiske kreftene sin diskusjon om demokrati i dette området er langt unna den verklege verda.

* New World Summit er ein internasjonal, kunstnerisk og politisk organisasjon grunnlagt i 2012. Den er vertskap for organisasjonar og grupper som er ekskludert frå demokratisk deltaking. Dette fordi dei har havna på ei internasjonal svarteliste eller blir stempla som terrororganisasjonar.

Orginalteksten ligg på PFLPs nettside og har tittelen «Palestinian people have struggled 100 years for liberation».

Tilrettelegging og norsk språkdrakt: Steinar Eraker.

Personvernmelding